Mandal og Lister pyntegrøntlag
Sørlandsk pyntegrønt, det naturlege dekorasjonsmaterialet


 

 


Meny

Skogfondet

Dei fleste pyntegrøntprodusentane har nok også skog og er kjende med bruken av skogfondet. Men kanskje ikkje alle er klar over at også pyntegrønt er definert å høyre til skogdrifta og at også denne produksjonen kan innlemmast i fondet. For andre er kanskje desse midla ukjende. Les vidare.

Det er uråd å setje opp korleis den enkelte brukaren skal forvalte fondet. Det vi kan gjere er å kome med noen fakta, så får kvar einskild vurdere kva som passar for akkurat sin gard. Opplysningane her er stort sett henta frå skogbruksjefen i Marnardal, Øyvind Jorstad, sitt foredrag på fagdagen 2010, og frå nettsidene til Statens lanbruksforvaltning. Frå dei same sidene kan du forresten klikke deg vidare til skogfondsidene dine ved hjelp av dei same passorda som du bruker mellom anna for skatten («Altinn»).

Det er frivilleg å avsette pengar på skogfondet til juletre- og anna pyntegrøntproduksjon. Som utgangspunkt blir førstehandsverdien (produsentprisen) for varene levert på leveringsplassen brukt. Sel du t.d. juletre på torget, kan du ikkje bruke utsalsprisen, men må bruke ein eventuelt stipulert pris til produsenten ut frå normalpris i distriktet. Du kan avsetje frå 4 % til 40 % av denne verdien. Kva prosentsats som passer deg, må du sjølv finne ut av ut frå mellom anna kva du har tenkt å bruke avsetjinga til, og når.

Fondsmidla kan brukast til planlegging, grøfting, gjerding, rydding, planting og gjødsling av eit nytt felt. Etter det eg har forstått, vil midla også kunne brukast til anlegg av veg, men då vil som oftast nytteverdien og vegkrava bli vurderte samla for pyntegrøntfeltet og resten av eigedommen. Midla kan derimot ikkje brukast til vanleg stell av etablerte felt.

Har du store planar om å etablere pyntegrøntfelt (20 - 30 da eller meir), kan det hende du kjem inn under ulike offentlege tilskotsordningar som t.d. BU-midlane (BygdeUtviklingsmiddel) eller lokale ordningar. Snakk med landbruksforvaltinga i kommunen.

Fordelen med skogfondet, sett frå produsenten si side, er at det kan brukast til å redusere skatten på produksjonen. Avsetjing til fondet er fritatt frå skatt. Når du bruker fondet, blir 15 % av pengane du tar ut rekna som inntekt. Fondet vil altså gi ein skattefordel for alle som kan bruke det og har skattbar inntekt. Er inntektene frå pyntegrønt svært små, kan det nok hende at skattefordelen ikkje står i stil til ekstraarbeidet med å administrere fondet, men for dei fleste vil fondet gi gevinst.

Vurderer du seriøst å ta i bruk skogfondet, er nok det enklaste å søke kontakt med kommunen. Seinare kan du kanskje vurdere å administrere fondet sjølv via Internett.

Føremålet med ordninga er jo nettopp å hjelpe deg til å kunne forvalte verdiane på ein måte som både du og samfunnet har nytte av. Dermed er også samfunnet interessert i å gjere sin del av arbeidet.


Kolbjørn
Sider opne for alle:
| Framsida | Småplukk | Stellreglar | Om laget | Om sidene | Produksjon | Blåkristtorn |
Juletreforsøk | Klimatilpassing | Fagdagen 2009 | Fagdagen 2010 | Fagdagen 2011 | Fagdagen 2014 | Fagdagen 2015 |
Fagdagen 2016 | Salgsboden | Adresser | Avisklipp | Tilbakemelding |

Nettansvarleg:  Kolbjørn StuestølLeiar ML pyntegøntlag:  Ragnar Skeie
Sist endra 2. august 2019
Nettside:  www.stuestoel.no