|
- Småprat om pyntegrønt -
Pyntegrønt har tradisjonelt vore nytta både i
sorg og i fest. Det var vanleg å strø opphakka einer på golvet
ved gravferder, medan det til fest var vanleg å pynta med barlind,
bergflette eller bjørkelauv, avhengig av årstida og geografisk
område. |
|
|
|
I vår tid treng vi også dekorasjonsmateriell, men i
motsetnad til i «gamle dagar», må dei fleste nå kjøpa
råmateriale eller ferdige dekorasjonar i butikkane. Behovet for
pyntegrønt aukar i takt med velstanden og urbaniseringa. Difor er
det også aukande behov for at noen kan skaffe nødvendig materiale
og at dette er tilgjengeleg for brukarane når det trengst
|
|
Etter kvart som forbruket aukar, blir det også meir og meir
nødvendig at alle ledda, frå produsenten til brukaren, har
kunnskap om kva som eignar seg til dekorasjonar, juletre osv. i
ulike samanhangar. Det blir ikkje sett same krava til eit utandørs
juletre som til det treet du skal ha i stova. Krava til ein
borddekorasjon på hytta i påska er ikkje dei same som til ein
brudebukett.
|
|
|
Kvart år
- blir det brukt omlag 2 mill. juletre i
Noreg
- bruker vi omlag 500 tonn klippegrønt
- bruker kvar nordmann ca. 0,1 kg
klippegrønt
- bruker kvar danske ca. 2,5 kg
klippegrønt
|
|
|
- Størst produksjon av klippegrønt og snittgrønt på Sørlandet og
på Vestlandet
- Produksjonen av juletre spreidd over heile Sør-Noreg
- Behovet for klippegrønt er aukande
- Mest klippegrønt av nobeledelgran
- Behovet for juletre nokså stabilt
- Flest juletre av gran, noe av edelgran og ca. 10% furu
- Finst også eit lite forbruk av einer, kristtorn o.a. til juletre
|
På desse sidene har vi brukt slik definisjon på pyntegrønt:
- Pyntegrønt: Alle slag materiale
frå naturen brukt til pynt i alle former. Også juletre.
- Klippegrønt: Bar i hovudsak av
gran, edelgran og sypress.
- Snittgrønt (dekorgrønt): Finare
klippegrønt. Også kristtorn.
- Naturmateriale: Alt anna frå
naturen brukt som dekorasjon, trerøtter, mose ....
Andre definisjonar kan du finne på sida med definisjonar.
|
Denne sida blei laga i 1999, så ein del opplysningar er nok forelda.
|