Mandal og Lister pyntegrøntlag
Sørlandsk pyntegrønt, det naturlege dekorasjonsmaterialet
|
|
|
Produksjon av pyntegrønt
Desse sidene inneheld ein del stoff som kan vere til nytte for deg som er i produksjon eller vurderer å byrje med pyntegrøntproduksjon. Bruk menyen til venstre og finn fram til aktuelt emne. Sjå også menyen «Fagprat» øvst på sida. Dei fleste som går med tankar om å byrje med pyntegrøntproduksjon i ei eller anna form har nok prøvd å tenke gjennom dei ulike momenta. Nokre har grunnleggjande kunnskap frå utdanninga si, andre kanskje etter prat med naboen. Føresetnadene er rett og slett nokså ulike. Det er uråd å kome inn på alle spørsmåla omkring slik produksjon på nokre få nettsider, men kanskje kan desse sidene vere til litt hjelp. Det er berre å klikke i veg på menyen til venstre. Sjølvsagt kan du kanskje ha nytte av dei andre lenkene på desse sidene. Det er berre hyggeleg om nokon finn litt nytte og glede av sidene. Ein del av sidene blei skrivne på 1990-talet, men mykje av innhaldet er framleis relevant. Noko er oppdatert og sjølvsagt vil det også dukke opp nytt stoff av og til. |
| Framsida | Småplukk | Stellreglar | Om laget | Om sidene | Produksjon | Blåkristtorn | Juletreforsøk | Klimatilpassing | Fagdagen 2009 | Fagdagen 2010 | Fagdagen 2011 | Fagdagen 2014 | Fagdagen 2015 | Fagdagen 2016 | Fagdagen 2024 | Salgsboden | Adresser | Avisklipp | Tilbakemelding | |
Nettansvarleg: Kolbjørn Stuestøl | Leiar ML pyntegøntlag: Ragnar Skeie | Sist endra 2. august 2019 |
Nettside: www.stuestoel.no |