|
Planter for pyntegrøntproduksjon
På denne sida har eg forsøkt å gi eit oversyn over dei mest
aktuelle plantene som blir brukte i produksjon av pyntegrønt. Utvalet er
på ingen måte fullstendig. Nye materiale blir tatt i bruk, medan andre
blir umoderne eller bruksmåtane endrar seg. Noen planteslag blir brukte i
store mengder, andre meir tilfeldig etter kva som er for hand når
dekorasjonane skal lagast. Ulike moteretningar betyr også ein del.
Heldigvis svingar motane nokså sakte for dei varene det går mest av.
Årlege motelune råkar helst materiale som blir brukte i
mindre volum. Greier du å fange opp desse årlege lunene, kan du gjere
det godt, men bransjen er vanskeleg å satse på sidan det er vrient å
forsere dyrkingstida.
Lista er kanskje ikkje heilt oppdatert, men gir ein god peikepinn på kva som kan brukast.
Planter for juletreproduksjon
Tabellen er eit lite forsøk på å gi eit enkelt oversyn
over tre som kan vere aktuelle i juletreproduksjon. Lista er på ingen
måte meint å vere utfyllande. Skulle du ha andre erfaringar, tar vi
gjerne i mot kommentarar.
Sonetala er sett delvis etter personleg skjønn. Lista blei utarbeidd i
2002, og bør kanskje oppdaterast med tanke på nyare planteslag og
forsøk.
Namn |
Verdi som juletre |
Veksestad |
Merknad |
Picea abies
vanleg gran |
Det vanlegaste juletreet. Lite
nålefast |
Djup sandjord. Middels til låg
bonitet. Nesten heile landet. |
|
Picea engelmannii
Engelmannsgran |
Stive greiner. Variantar (krysningar?)
kan ha vond lukt. |
Høgareliggjande område. Næringsrik,
god jord. Tåler vind. |
Fargevar. frå blå til grøn |
Picea omorica
Serbergran
(Søylegran) |
Slank. Må formklippast. Mjuke greiner. |
Varmekrevande (sone 3?), i le for vind.
Baserik grunn. |
Utsett for haustfrost |
Picea pungens
Blågran |
Grøne eksemplar gir gode juletre |
Innlandet. Sone 2-4? |
Fargevar. frå blå til grøn |
|
|
|
|
Abies koreana
Koreaedelgran |
Svært dekorativ. Nålefast. |
Varmekrevande (Sone 3?) |
Krev mykje stell |
Abies procera
Nobelgran |
Grøne variantar svært gode |
Kyststrok Sør- og Vestlandet.
(Sone2-3) |
Fargevar. frå blå til grøn.
Hovudsort innan klippegrønt |
Abies alba
Vanleg edelgran |
Godt brukbar. Vid, open greinsetting |
Noe varmekrevande. Ikkje heilt ute ved
kysten |
|
Abies nordmanniana
Nordmannsedelgran |
Svært god. Danskane sitt hovudprodukt
innan edelgran |
Kyststrok Sør- og Vestlandet |
|
Abieslasiocarpa
Fjelledelgran |
Svært god. Satsingssort for norsk
juletreprod. |
Innlandet. Høgare strok |
|
Abies amabilis
Purpuredelgran |
Brukbar |
Som vanleg gran |
|
Abies sibirica
Sibiredelgran |
God. Smale tre. |
Innlandet. Svært hardfør |
|
|
|
|
|
Pinus sylvestris
Vanleg furu |
God |
Heile landet i barskogområda |
Krev mykje stell |
Pinus cembra
Sembrafuru |
God. 5 nåla. Lange nåler. |
Omlag som silvestris. |
|
Pinus mugo rostrata
Bergfuru |
Kan bli svært god |
Omlag som silvestris. |
|
|
|
|
|
Det finst også andre treslag som blir brukte til juletre.
Avhengig av moteretningar og lokale variasjonar.
Planter for produksjon av klippegrønt
Lista er ei oppramsing av ein del planter som blir omsett
til dekorasjonsgrønt. Lista er på ingen måte uttømmande og er stort
sett eit resultat av diverse kursnotat. Eg har ikkje tid og kunnskapar nok
til å skrive utførleg om kvart planteslag, sjølv om eg kjenner noen av
dei frå eigen åker. Kanskje noen føler kallet?
Ein del av plantene i denne lista har vist seg å ikkje slå heilt an som dekorasjonsmateriale
av ulike grunnar. Noen har ikkje falle i smak hos kjøparane, andre veks for seint eller er problematiske
å transportera. Pyntegrønt er ferskvare, noe ikkje alle butikkane har skjønt. Dermed blir bar o.l. som ikkje tåler
butikkopphaldet også strokne frå omsetjingslista.
Edelgran-artane
(Abies) |
Mykje brukt, men går helst under grovare snittgrønt,
gravdekke o.l. (Ofte saman med gran) |
Gran-artane
(Picea) |
Mykje brukt, men går helst under grovare snittgrønt, gravdekke
o.l. (Ofte saman med edelgran) |
Buksbom
Buxux sempervirens |
Den arten ein finn i mange gamle hagar har små, tyttebærliknande
blad, og blir brukt til pyntegrønt.
Finst også variantar med store blad. Årleg forbruk ca. 5 tonn. |
Sypress
(Chamaecyparis) |
Ei svært interessant og stor slekt med mange
variasjonar. Her bare noen eksempel.
(Eigentleg lawsonsypress, ekte sypress (Cupressus)
er noe anna og kan ikkje dyrkast i Noreg. I daglegtale er likevel
«sypress» blitt så innarbeidd at det også blir brukt i
pyntegrøntsamanheng.) |
Vanleg sypress Chamaecyparis lawsoniana
|
Landsforbruk ca. 100 tonn i året. Hovudsakleg til kransbinding.
Vanleg sypress har ei mengd variantar, både med omsyn til bladform
og farge. Fargen kan vere frå mørk grøn, via meir eller mindre
blågrøn til gul. Difor kan ein godt finne andre og kanskje
betre(?) arter enn dei som er nemnde i lista. |
Blå sypress Chamaecyparis lawsoniana "Allumii"
og andre
|
Mindre populær enn venta. Mest fordi blåfargen er lite synleg i
lampelys |
Gul sypress Chamaecyparis lawsoniana "Stewardi"
og andre
|
Ikkje så mykje brukt førebels, men reknar med at dei gule
variantane kjem sterkare når det blir meir vanleg å pynte også
til påske. |
Ertesypress Chamaecyparis pisifera
|
Har mange variantar. Hovudforma ikkje i bruk. Noen av kultivarane
gir svært fint og særeigna pyntegrønt, t.d.: |
Krussypress Chamaecyparis pisifera "Squarrosa"
ell.
|
|
Trådsypress Chamaecyparis pisifera "Filifera"
|
Finst også ein gul variant, "Filifera Aurea". Ikkje
brukt. |
Sibirkornell
Cornus alba "Sibirica" |
|
Vrihassel
Corylus avellana "Contorta" |
|
Japanseder, Kryptomeria Cryptomeria japonica |
Kan klippast nesten heile året. Omsett i bunt á 1 kg.
Greinlengde ca. 50 cm. |
Hebe
Hebe odora "Torshamn" |
|
Bergflette, eføy
Hedera helix |
Både viltveksande og foredla variantar blir brukte |
Kristtorn
Ilex
|
Finst i mange ulike variantar som t.d.
Vanleg kristtorn (Ilex aquifolium)
og
Blåkristtorn (Ilex mezervae)
og etter kvart mange andre. Er stadig under utforsking.
Dei blå skal vissnok vere noe meir herdige enn vanleg kristtorn.
|
Einer, vanleg
Juniperus communis |
Finst i mange variantar, noen også for pyntegrønt.
Oftast frå viltveksande felt, men også ein del kultivarar.
Også andre einerartar kan vere aktuelle. |
Japanlerk
Larix japonica |
Finst også med diverse synonyme vitskaplege namn som
Larix kaempferi og L. leptolepis.
Greiner med kongler kjempefint til dekorasjonar. |
Pors
Myrica gale |
Viltveksande. God lukt. |
Furu-artane
Pinus |
Blir brukt ein del 5-nåla furu som t.d. Pinus cembra, Sembrafuru
Vanleg furu, Pinus silvestris, blir ikkje brukt anna enn som juletre |
Laurbærhegg
Prunus laurocerasus |
|
Flatpil
Salix sachaliensis "Sekka" |
|
Vripil
Salix matsudana "Tourtosa" |
|
Barlind
Taxus baccata |
Både viltveksande og kultivarar. |
Vokstuja
Thujopsis dolobrata |
Andre tujavariantar/arter ikkje så aktuelle. Veks for sakte til
å gi lønsam produksjon og liknar dessutan for mykje på sypress,
som veks mykje raskare.. |
Skulle du ha noen av desse plantene i hagen din, kan dei vere eit godt
utgangspunkt for vidare produksjon. I det minste viser dei kva som kan
dyrkast der du bur. I tillegg har du eit godt materiale til eigne
dekorasjonar!
Er du i tvil om noen av plantene, oppsøk ein planteskole, eit hagesenter
eller eit pyntegrøntlag, eller bruk ein god flora.
Kjelder:
|