Mandal og Lister pyntegrøntlag
Sørlandsk pyntegrønt, det naturlege dekorasjonsmaterialet

 

 

 

 

Om laget

kurs
Frå eit prøvefelt for kristorn

Mandal og Lister pyntegrøntlag er først og fremst eit produsentlag med føremål å yte sakkunnig hjelp og rettleiing til nåverande og framtidige produsentar av pyntegrønt.

Som du vonleg vil sjå av desse sidene, er interesseområda spreidde frå dyrking av juletre i høgareliggjande innland til produksjon av kristtorn og andre varmekjære planter i sørlandsk kystmiljø. Laget driv også med produktutvikling for å finne nye omsetnings- og bruksformer for pyntegrønt, samstundes som ein kontinuerleg arbeider med å forbetra plantematerialet og dyrkingsmetodane.

Området laget dekker eignar seg svært godt til dyrking av pyntegrønt. Difor var bøndene her også tidleg ute med denne produksjonen. Først med å hente inn meir eller mindre tilfeldig frå eigen skog, seinare med meir systematisk dyrking og omsetjing. Ikkje så merkeleg at dei første pyntegrøntlaga blei oppretta nettopp i denne regionen. Mandal pyntegrøntlag og Lister pyntegrøntlag var, etter det eg veit, dei to første pyntegrøntlaga i Noreg.

Som medlem kan du få kurs
Frå eit frøfelt med kontrollert kryssing
  • råd om alt frå innkjøp eller oppal av planter til stell av juletre.
  • hjelp til omsetning av produkta
  • råd om offentlege lover og støtteordningar
  • tips om nye produkt
  • del i foredlingsforsøk på plantemateriale
  • kurs i klipping og sortering av klippegrønt.
  • materialkjøp til reduserte prisar
  • sosialt samvær med likesinna
Som forbrukar kan du gjennom laget
  • nå fagleg kompetente produsentar
  • få produkt etter definert standard
  • få tak i spesialprodukt
  • få ferdiggjorte varer etter eigne spesifikasjonar
  • planleggje leveringane i god tid.
  • kjøpe dei mengdene du treng -- frå mindre parti til tonnvare
  • sleppe med noen få kontaktpersonar
  • ved eventuell reklamasjon finne fram til produsenten

Namnet på laget er litt nostalgi men viser samstundes kva region laget dekker. Dei vestre og sørlege delane av nåverande Vest-Agder fylke var tidlegare delt i Lister Amt og Mandals Amt. Desse amta blei seinare slått saman til Lister og Mandal Amt og blei endå seinare ein del av Vest-Agder fylke.

For ein del år sidan blei Mandal pyntegrøntlag slått saman med Lister pyntegrønlag til det nåverande Mandal og Lister pyntegrøntlag. Symbolet øvst på sida var logo for Lister pyntegrøntlag. Eg reknar difor med at logoen blei med i samanslåinga. Logoen kan tolkast som eit stilisert juletre eller ei grein pyntegrønt.

 

Sider opne for alle:
| Framsida | Småplukk | Stellreglar | Om laget | Om sidene | Produksjon | Blåkristtorn |
Juletreforsøk | Klimatilpassing | Fagdagen 2009 | Fagdagen 2010 | Fagdagen 2011 | Fagdagen 2014 | Fagdagen 2015 |
Fagdagen 2016 | Salgsboden | Adresser | Avisklipp | Tilbakemelding |

Nettansvarleg:  Kolbjørn StuestølLeiar ML pyntegøntlag:  Ragnar Skeie
Sist endra 26. september 2016
Nettside:  www.stuestoel.no