Mandal og Lister pyntegrøntlag
Sørlandsk pyntegrønt, det naturlege dekorasjonsmaterialet


 

 


Meny

Vil du vite meir?

Sidan du har funne fram til denne sida, reknar eg med at du veit korleis du skal finne fram til relevante opplysningar på Integrnett. Men kanskje kan eit bokoversyn vere til litt hjelp.

I boksamlinga mi har eg noen få bøker innan for ulike emner innan pyntegrøntproduksjon. Truleg finst det andre, nyare bøker i bibliotek eller bokhandel. Veit om noen, er det bare å melde frå.

  • Arne Sæbø og Tord Langmoen (redaktører): Lønnsomme juletrær
    Utgitt av Norsk Juletre, Rogaland fylkeskommune og Skogbrukets verdiskapingsfond.
    Cockpit forlag 2014. ISBN 978-82-999760-0-8. 70 sider.
    Som gratis e-bok og i papirutgåve (kr. 180,-).
    Sjå Norsk Juletre for meir om boka og nedlasting.

  • Norvald Fimreite: Dyrking og omsetning av Pyntegrønt
    Landbruksforlaget 1989. ISBN 82-529-1333-4
    Ny utgåve i 1998 ved Ellen Finne Grimsby.
    Kjenner ikkje ISBN-nummeret til siste utgåva.

  • Petter Olav Kjæraas: Dyrking og omsetting av juletrær
    Landbruksforlaget 1989. ISBN 82-529-1332-6

  • Finn Roll Hansen og Helga Roll Hansen: Skogskader i farger
    Landbruksforlaget 1987. ISBN 82-529-1241-9

  • Midt på 1990-talet utga Pyntegrøntsenteret i Lyngdal tidsskriftet Norsk Pyntegrønt, som kanskje kan finnast på noen bibliotek. (Pyntegrøntsenteret er nedlagt, om tidsskriftet finst framleis, veit eg ikkje. Siste nummeret mottok eg i 1997).

    Andre kjelder:
  • Både kommunale og fylkeskommunale landbrukskontor kan vere til hjelp. Om kontoret ikkje sjølv har noe vidare kompetanse innan pyntegrønt, vil dei i alle tilfelle kunne vise deg vidare til andre med betre kunnskapar.

  • Er du medlem av eit skogeigarlag, vil du der kanskje finne ein god del kompetanse innan pyntegrønt.

  • Norsk pyntegrønt og forsøksringane har mykje kunnskap om pyntegrønt. Mest om juletre, lite om klippegrønt.

  • Det sikraste rådet: Kontakt næraste pyntegrøntlag.
    (Sjølvsagt burde eg ha skrive: kontakt Mandal og Lister pyntegrøntlag, men det finst altså andre også).

  • Sjå også adresselista

Kolbjørn
Sider opne for alle:
| Framsida | Småplukk | Stellreglar | Om laget | Om sidene | Produksjon | Blåkristtorn |
Juletreforsøk | Klimatilpassing | Fagdagen 2009 | Fagdagen 2010 | Fagdagen 2011 | Fagdagen 2014 | Fagdagen 2015 |
Fagdagen 2016 | Fagdagen 2024 | Salgsboden | Adresser | Avisklipp | Tilbakemelding |

Nettansvarleg:  Kolbjørn StuestølLeiar ML pyntegøntlag:  Ragnar Skeie
Sist endra 2. august 2019
Nettside:  www.stuestoel.no