Mandal og Lister pyntegrøntlag
Sørlandsk pyntegrønt, det naturlege dekorasjonsmaterialet

 

Fagdagen 2016

Velkomman til fagdag

Garden til Gunnleiv Kaddan heiter Ro. På ei tidlegare samling der, då veret var nokså usikkert, kunne Gunnleiv ønskje oss velkomne med at vermeldinga dagen før hadde opplyst at høgtrykket låg i ro. Det såg ut til at høgtrykket låg i Ro også i dag. Bra for alle som møtte, men uheldig for fotografen som fekk problem med sterkt solskin og mørke skyggar.

I år var det litt ekstra stas over fagdagen. Det er i år 30 år sidan Mandal pyntegrøntlag blei skipa, som det første i landet. Litt seinare kom også Lister pyntegrøntlag i gang. Sidan desse to laga dekker den regionen i landet der det aller meste av norsk pytegrønt blir produsert, var det etter nokre år naturleg å slå saman laga til eitt lag.

kjempetre
Vanleg edelgran planta 1909. Ca. 13 m3.

Fagdagane har i desse 30 åra vore eit viktig tilbod til medlemmene. Ingen stad er så mange ekspertar på pyntegrønt samla som på desse dagane. Det er alltid noko å lære anten du har problem med fargegjødsling av trea dine eller er nybyrjar i faget.

Denne dagen blei ei blanding av historie og fagleg lærdom. Gunnleiv Kaddan guida oss gjennom ulike plantefelt og viste ulike teknikkar både for å hauste bar og korleis han utviklar nye planter.

Gunnleiv
Gunnleiv demonstrerer kontrollert bestøving.

 

Kontrollert bestøving blir bruk for å lage nye planter med eigenskapar frå bestemte planter. Frøa blir sådd, og mellom frøplantene kan ein vere heldig å finne nokre som har nett dei eigenskapane ein ønskjer. Ofte blir gjerne nokre uheldige eigenskapar også kopla inn, så pollineringa må gjerast på ny med frø frå dei nye plantene. Slikt kan ta tid.

For å sleppe å drive med kontrollert bestøving i 20 meters høgd, blir kvistar frå gamle tre poda inn i yngre grunnstammar. Dermed kjem konglene og hannblomstane i meir lageleg arbeidshøgd.

Ein annan måte å lage nye planter på er å setja stiklingar. Dei nye plantene får nøyaktig dei same eigenskapane som planten stiklingane blir tatt frå.

poding
Mislukka poding. Podekvisten tatt for
langt nede på treet.

Podekvistane og stiklingane må hentast frå dei øvre seks greinkransane, elles vil det nye treet bli ei forvakse grein.

Markvanringa gjekk gjennom ulike plantefelt. Frå kristtorn i full produksjon til tidlegare klippefelt der den siste inntekta skulle generast i form av skurtømer. Eitt felt viste korleis ein får det beste resultatet ved dyrking av storblada buksbom, eit anna felt inneheldt krussypress med velutvikla tre, nokre med ekstra fint bar og nokre mislukka utgåver innimellom. Slik er det alltid ved frøformeiring. Her må eigaren sortere med hard hand og kanskje ta stiklingar av dei beste trea. Ulempen med krussypress er at planten veks seint, så det kan ta lang tid å byggje opp eit berekraftig felt.

Ingenting er meir praktisk enn ein god teori. Difor blir det også lagt inn sekvensar med teori. Det viktigaste denne gongen var likevel korleis omsetjinga av pyntegrønt skal organiserast i framtida. Agder bær og grønt som tidlegare stod for det meste av omsetjinga er seld. Dei nye eigarane ønskjer ikkje å ha med pyntegrøntdelen. Spørsmålet blir då: Kven skal overta? Det kom ikkje noko svar på dette møtet.

Odd Tore
Odd Tore Nøding orienterte om
endringane i omsetjinga.
Styret skal arbeide vidare med saka. Dette året vil det bli ei overgangsordning slik at leverandørane ikkje vil merka så mykje til endringane, men kva så med omsetjinga i 2017? Eit førebels ope spørsmål.

Også i år ein svært vellukka fagdag der alle kunne reise heim med litt meir kunnskap enn det ein hadde på føremiddagen. Ikkje all kunskap er like relevant for alle, men eg trur dei fleste fann eitt eller anna dei kan ha bruk for i produksjonen.

 

 

 

 

 

 

Tilfeldige glimt frå samlinga

markvandring
Markvandring
markvandring
Matpausen er viktig også som sosialt innslag
markvandring
Snart hogstmoden skog
markvandring
Johannes Løvland orienterte om forskning
markvandring
Leiaren, Ragnar Skeie, i aktivitet
markvandring
Kåre Haugaas frå Skogselskapet Agder hadde mange
nyttige opplysningar om stell av tømmer
Skillelinje

Om pyntegrøntlaget og sidene

For alle som driv med pyntegrønt i ei eller anna form, er det nesten nødvendig å også vere medlem i eit pyntegrøntlag. Etter kvart er det nok råd å hente ein god del kunnskap t.d. på Internett, men alle dei små detaljane er det stort sett berre andre produsentar som kan gi svar på. Dei lærerike samtalane får ein helst ute i plantefeltet. Mange av medlemmene i laget har drive med pyntegrønt i 30-40 år eller meir, og sit inne med store kunnskaper innan faget. Dessutan kjem det i slike situasjonar gjerne fram nokre gode historier i tillegg.

Sidan desse sidene er opne for alle, har eg i denne reportasjen sløyfa ein del faglege opplysningar som bare er tilgjengelege for medlemmene i Mandal og Lister pyntegrøntlag. Eg håper du har forståing for det.

Innhaldet på denne sida står for mi rekning og treng ikkje vere pyntegrøntlaget si meining.


Kolbjørn

 

Sider opne for alle:
| Framsida | Småplukk | Stellreglar | Om laget | Om sidene | Produksjon | Blåkristtorn |
Juletreforsøk | Klimatilpassing | Fagdagen 2009 | Fagdagen 2010 | Fagdagen 2011 | Fagdagen 2014 | Fagdagen 2015 |
Fagdagen 2016 | Salgsboden | Adresser | Avisklipp | Tilbakemelding |

Nettansvarleg:  Kolbjørn StuestølLeiar ML pyntegøntlag:  Ragnar Skeie
Sist endra 29. august 2016
Nettside:  www.stuestoel.no