Mandal og Lister pyntegrøntlag
Sørlandsk pyntegrønt, det naturlege dekorasjonsmaterialet

 

Fagdagen 2014

Fagdagen er obligatorisk for alle som skal levere pyntegrønt gjennom pyntegrøntlaget. Dette for å oppdatere medlemene om det nyaste innan leverings- og pakkemetodar, men er sjølvsagt også ein fin måte å utveksle erfaringar medlemmene imellom. I den frammøtte flokken er det ei utruleg mengde kunnskaper samla.

publikum på tur

Fagdagen blir vekselvis arrangert i Mandalsregionen og Listerregionen. I år var dagen i aust, hos Morten Haven. Far hans byrja å plante pyntegrønt for ca. 30 år sidan. Nå har sonen overtatt.

sypress

Første delen av programmet var ein tur gjennom ulike plantefelt, mest sypress og nobeledelgran. Morten Haven viste mange eksempel på sypress som var øydelagt, truleg av vinteren 2012-13 og våren 2014. Han blei helst tilrådd å hogge alt og plante nytt, sjølv om det fanst tre innimellom som var brukbare. Det kom fram at ein fornuftig planteavstand for sypress er 2 meter mellom plantene. Når greinene på dei ulike trea møter kvarandre kan annakvart tre fjernast.

publikum på tur

 

 

Som vanleg blei det mange uplanlagte stopp under vegs. Kanskje eit interessant hogsfelt eller for å drøfte kor viktig det er med vegar inn i plantefelta eller kva slag jord som er best eigna til dei ulike produksjonane. Av og til også ein fin utsikt eller noko anna som fenger interessa. Pyntegrøntdyrkarane er interesserte i mykje, med andre ord nokså like folk flest.

studier

 

Likevel er det sjølvsagt faget som er viktigast på ein slik tur. Her blir det vist korleis dei ulike delene av ein kvist best kan utnyttast til dei ulike produksjonane. Nydeleg bar av nobeledelgran (ofte kalla nobilis etter det vitskaplege namnet Abies nobilis. Slår du opp på Abies procera er dette eit anna namn på den same tresorten) var det nok av i plantefelta.

klipping

 

 

 

Vi fekk forresten også demonstrert, sjølv om det kanskje ikkje var det viktigaste i denne samanhengen, at med lang erfaring går klippinga svært så fort.

nobilis

 

 

At også pyntegrøntdyrkarane er individualistar fekk vi demonstrert her. Etter mi vurdering er nobeledelgrantrea klipt for nære stammen slik at det blir minimlt med kvistar å klatre på når dei skal klippast igjen. Denne klippinga er utført av eit firma og ikkje av eigaren.

nobilis

 

 

Her er det planta juletre, men kvar er plantene? Feltet er eit forsøk med å plante juletre i myr. Tydelegvis ikkje heilt vellukka. Berre nokre få og dårlege planter her og der.

nobilis

 

 

Her er det derimot planta juletre på eit nokså skrint område. Tilveksten er liten i høve til vanleg skogproduksjon, men ideell for juletre. Som vanleg i dette distriktet er rådyra eit problem i juletrefelt. Eigaren hadde prøvd mange ulike metodar, nokre nokså uortodokse, for å halde dyra borte, men det såg ikkje ut til å hjelpe. Akkurat dette feltet var likevel ikkje så svært utsett.

nobilis

 

Vel tilbake etter turen og etter matøkta blei det tid til generell informasjon. Først ut var Morten Haven som viste ulike hjelpemiddel for dyrking og stell av juletre og klippegrønt. Her eit hendig, heimelaga hjelpemiddel for å unngå sprøyting av juletrea.

nobilis

 

Som vanleg presenterte Odd Tore Nøding nye produkt og viste kva dei rekna med blei dei nye trendane neste sesong. Her med eit par bukettar med silkefuru. Elles hadde han med mykje anna i bilen sin. Sjølvsagt fekk vi også tilbakemeldingar om kva produkt han ønskte og korleis han ønskte dei leverte. Litt om kva mengder firmaet rekna med å levere i neste sesong fekk vi også med oss.

nobilis

 

Ingen fagdag utan at Gunnleiv Kaddan eit representativt utval frå planter han sjølv utvikler anten ved poding, frå stiklingar eller frå frø. Alle plantene er eit resultat av årelangt utviklingsarbeid og innsamling av dei beste morplantene han kunne finne i inn- og utland. Arbeidet hans er heilt unikt i pyntegrøntsamanheng og sikkert også i mange andre samanhengar. På bildet viser han eit foredla eksemplar av purpuredelgran som skal bli juletre om nokre få år dersom det får rett stell og høveleg planteplass. Er du interessert i å kjøpe planter er det berre å ta kontakte med han. Prisane han opererer med er rimelege.

 

 

Skillelinje

Om pyntegrøntlaget og sidene

For alle som driv med pyntegrønt i ei eller anna form, er det nesten nødvendig å også vere medlem i eit pyntegrøntlag. Etter kvart er det nok råd å hente ein god del kunnskap t.d. på Internett, men alle dei små detaljane er det stort sett berre andre produsentar som kan gi svar på. Dei lærerike samtalane får ein helst ute i plantefeltet. Mange av medlemmene i laget har drive med pyntegrønt i 30-40 år eller meir, og sit inne med store kunnskaper innan faget. Dessutan kjem det i slike situasjonar gjerne fram nokre gode historier i tillegg.

Sidan desse sidene er opne for alle, har eg i denne reportasjen sløyfa ein del faglege opplysningar som bare er tilgjengelege for medlemmene i Mandal og Lister pyntegrøntlag. Eg håper du har forståing for det.

Innhaldet på denne sida står for mi rekning og treng ikkje vere pyntegrøntlaget si meining.


Kolbjørn

 

Sider opne for alle:
| Framsida | Småplukk | Stellreglar | Om laget | Om sidene | Produksjon | Blåkristtorn |
Juletreforsøk | Klimatilpassing | Fagdagen 2009 | Fagdagen 2010 | Fagdagen 2011 | Fagdagen 2014 | Fagdagen 2015 |
Fagdagen 2016 | Salgsboden | Adresser | Avisklipp | Tilbakemelding |

Nettansvarleg:  Kolbjørn StuestølLeiar ML pyntegøntlag:  Ragnar Skeie
Sist endra 8. mars 2016
Nettside:  www.stuestoel.no