Mandal og Lister pyntegrøntlag
Sørlandsk pyntegrønt, det naturlege dekorasjonsmaterialet

 

Fagdagen 18. sept. 2010

Skole-ring
Skolering

Også i år var fagdagen lagt til garden Ro med Gunnleiv Kaddan som dyktig og inspirerande førelesar.

Eksempel på utplantingsplanter
Eit utval nye planter

Første del gjekk med til å presentere ulike småplantar av diverse nyvinningar. Noen var stiklingar, andre var frøsådde plantar frå utvald foreldreplanter. Denne delen av arbeidet går mest på å få fram gode planter som gir best mogleg resultat i det aktuelle dyrkingsområdet. Den neste oppgåva blir å finne ut om dette er salsvare. Tilsynelatande ein bakvendt måte å gjere det på, men sjølvsagt ligg tanken på at varene skal seljast alltid i bakhovudet ved slikt arbeid.

I forsøksfeltet
I prøvefeltet

Neste økta blei brukt på forsøksfeltet. Her finn du alt frå heilt topp til fullstendig ubrukeleg plantemateriale. Noen gonger er det genetiske grunnlaget for dårleg, andre gonger er det jorda som ikkje passar til produksjonen. Den kalde vintren hadde knekt ein del planter, medan andre innan same planteslag hadde greidd seg fint. Kvifor denne skilnaden? Dersom årsaka er genetisk, altså i plantematerialet, kan det neste steget vere å ta vare på dei gode eigenskapane, anten ved å ta stiklingar eller å bruke planten i frøproduksjonen.

Eksempel på vinterskadde tre
Berging av vinterskadd sypress

Særleg sypressen var utsett for vinterskade med brunt bar og døde greiner. Dersom sjølve stammen ikkje var skadd, kunne ein berge treet ved å skjere greinene inn til frisk ved, eller til stammen, og håpe på ny utvekst. I mange tilfelle kunne treet bergast, men sjølvsagt blei produksjonen sett tilbake fleire år.

Eksempel på vekstregulering
Tydeleg verknad av rotskjeringa

Vekstregulering av juletre er alltid eit tema på slike samlingar. Noen år veks trea uhorveleg, medan det i andre år er nærast stagnasjon. Korleis regulere veksten utan å bruke for mykje tid på kvart tre? Bør kanskje presisere her at ingen av medlemmene i pyntegrøntlaget bruker hormonpreparat eller andre kjemikaliar til dette. Den fullgode metoden er ikkje oppfunnen, førebels. Som eit forsøk har Gunnleiv brukt spaden og kappa ein del av røtene rundt treet. Resultatet er oppløftande, men kanskje for tidkrevjande til praktisk bruk.

Kongler
Kongler på koreaedelgran

For å forenkle arbeidet med frøformeringa, har Gunnleiv poda inn utvalde kvistar frå høvelege mortre på yngre stammar. Dermed kjem konglene i behageleg arbeidshøgde. Dette førte også til god vekst i og med at han fekk ein gammal kropp på unge bein, som han kalla det. Aktuelt pollen måtte han derimot som oftast hente direkte frå fartrea. Sidan pollenet kjem på lågare greiner, er dette ikkje noe stort problem. Pollineringa skjedde med plastposar og pensel. Ein demonstrasjon viste at det gjekk nokså fort å agere bie. Dei kunstig polinerte frøa hadde ikkje uventa betre spireprosent enn dei naturleg polinerte.

Genfeil i nobilis
Genfeil på årsplante
  Genfeil i nobilis
Same genfeil på eldre plante

Sjølvsagt måtte vi også innom barnehagen med alle dei sådde plantene. Her fekk vi sjå ulike versjonar i fleire aldersklassar. Dei eldste litt i største laget til å plantast ut i og med at dei var såpass store at arbeidet blei vanskelegare. Vi fekk også sjå genetiske feil på nobeledelgran. Ein feil som ikkje er uvanleg, og som fører til nålefall på eldre tre. Desse plantene var det bare å luke bort. Dei ville aldri bli anna enn tømmer, ueigna til pyntegrøntproduksjon.

Blåkristtorn
Forsøksfeltet med blåkristtorn

 

Også i år blei foredlingsarbeidet med blåkristtorn studert nøye. Noen planter såg svært lovande ut, andre blei nok tatt ut av produksjon av ulike årsaker. Utover hausten blir ein del buntar av blåkristtorn prøvd ut på marknaden. Skal bli spennande å sjå korleis den vanlege kunden tar imot produktet. Dersom alt går etter planen, vil dyrkingsområdet for kristtorn kunne utvidast i og med at blåkristtornen er meir herdig enn den vanlege, viltveksande sorten.

 

Matpause

Kaffisjenking

Etter den obligatoriske matpausen med kaffi like obligatorisk kokt på bål, og medbrakt niste, eller boller for dei som hadde gløymd nistepakken, var det tid for vidare kursing. Denne økta handla mest om klippeteori, litt om barkvalitetane som blei produsert av trea i ulike årsklassar, og endeleg ein god del tips om utstyr. Frå kva arbeidshanskar som passa best, til ulike former for sakser. Det blei sjølvsagt også demonstrert klipping og bundting av bar. Bare noe så enkelt som kva knute på barbundten som var raskast og best, kunne føre til lange diskusjonar med innlagte demonstrasjonar. Her er det lite som er tilfeldig. Mange gode og tidssparande tips å hente.

Veging av bundt
Held bundten mål?

 

Klipping av sypress blei demonstrert tidlegare på prøvefeltet.

Sidan pyntegrøntproduksjon er definert å høyre inn under skogbruket, er det råd å bruke skogfondet til deler av denne produksjonen. Handteringa av dette fondet er nokså individuelt for kvar gard, men skogbrukssjef Øyvind Jorstad greidde å lose oss gjennom det meste av praktiske reglar slik at vi kan tilpasse bruken i høve til garden. Skjema får du i den kommunen du bur, eller du kan laste dei ned frå Statens landbruksforvaltning. (Søk på «skogfond skjema» (utan hermeteikna) på Internett). Frå desse sidene kan du også logge deg inn på ditt eige skogfond.

Å dyrke og levere pyntegrønt kan på mange måtar vere ein einsleg jobb. Slike samlingar er difor utruleg viktige for å halde oppe kompetansenivået og interessa for yrket. Åleine er det i praksis uråd å halde seg oppdatert innan alle fagområda, anten det nå er å kunne levere kvalitet, å velje ut dei rette plantene eller å finne det rette verktøyet. Dessutan er medlemskapet i eit pyntegrøntlag sosialt.

Utruleg mykje kunnskap i ein flokk på mellom 35 og 40 pyntegrøntentusiastar. Den som likevel må framhevast er Gunnleiv Kaddan. Han har gjennom mange år drive systematiske forsøk og har samla seg kunnskap om det meste som er aktuelt å vite innan næringa, særleg med omsyn til planteforedling, planteval og stell av plantefelta. Ein heil planteforskningsstasjon på garden.

 

Sider opne for alle:
| Framsida | Småplukk | Stellreglar | Om laget | Om sidene | Produksjon | Blåkristtorn |
Juletreforsøk | Klimatilpassing | Fagdagen 2009 | Fagdagen 2010 | Fagdagen 2011 | Fagdagen 2014 | Fagdagen 2015 |
Fagdagen 2016 | Fagdagen 2024 | Salgsboden | Adresser | Avisklipp | Tilbakemelding |

Nettansvarleg:  Kolbjørn StuestølLeiar ML pyntegøntlag:  Ragnar Skeie
Sist endra 2. august 2019
Nettside:  www.stuestoel.no