Mandal og Lister pyntegrøntlag
Sørlandsk pyntegrønt, det naturlege dekorasjonsmaterialet

 
Agenda
Programmet for dagen

Fagdagen 2011

Fagdagen er obligatorisk for alle som skal levere pyntegrønt gjennom pyntegrøntlaget. Dette for å oppdatere medlemene om det nyaste innan leverings- og pakkemetodar, men er sjølvsagt også ein fin måte å utveksle erfaringar medlemmene imellom. I den frammøtte flokken er det ei utruleg mengde kunnskaper samla.

Formannen, Leif J. Kristensen, har drive med ulike former for pyntegrønt i mange år. Han brukte den første økta til å fortelle om erfaringane sine. Då han begynte var det lite hjelp å få frå andre stader, så det blei mange feilinvesteringar, både økonomisk og i høve til planteval og plantestader. Difor kalla han innslaget for «Drømmen som ikke ble helt oppfylt med en gang». Her var det mykje å hente for den som måtte ha tankar om å byrje med pyntegrønt, men også idear for den erfarne dyrkaren.

Del av forsamlinga

Neste økt var ein rundtur gjennom dei ulike dyrkingsområda. Dei fleste mislukka plantingane var rydda for lenge sidan, men det var nok igjen til at vi fekk sjå kva som hadde skjedd. Leif forklarte openhjarta om kva som var feil og kva han gjorde for å retta opp feila.

Hjortevilt er store skadegjerarar i plantefelta. Litt beiteskader, men det som øydelegg mest er nok feieskadene. Å gjerde inne plantefelta er nokså dyrt. Ein billegare, men kanskje ikkje fullt så effektiv måte, er spare igjen dei trea som blir feidde i håp om at dyra held seg mest mogleg til dei same trea. Det finst også ulike former for lyd som skal skremme bort dyra. Dette skal vere nokså effektivt.

Uthogd område
 

I eit stort område var alle brukbare juletre tatt ut. Bare noen vraktre sto igjen. Nå skal området drenerast med eit ope dike før ny utplanting. Det blei vald ope grøft fordi det då er enkelt å føre landskapet tilbake til slik det var, om det skulle bli ønskjeleg. I juletreproduksjon er slike grøfter ikkje til særleg hindring.

Grunneigaren har snauhogd eit nytt område for seinare tilplanting med juletre. Nå manglar bare den siste tilrettelegginga. Var det her han skulle ha traktorveg? (Bildet under).

Uthogd område
 
Uthogd område
 

Bildet til høgre viser eit nytt, inngjerda plantefelt. Her blir det mange juletre om ein ti års tid. Det kan sjå ut som ugraset har tatt overhand, men det fungerer som markdekke gjennom vinteren.

 

Aud Irene
 

Sjølvsagt fekk vi også sjå juletrefelt som var i god produksjon. Men vi måtte vidare. Det første innslaget etter synfaringa var den obligatoriske kaffipausen. Deretter nyttige opplysningar frå jordbrukssjefen i Farsund, Aud Irene Vatland om ordningane for mellom anna å omdisponere jordbruksareal til pyntegrøntproduksjon. Pyntegrønt høyrer i styresmaktene sine tankebanar inn under skogbruket, dermed er det ikkje utan vidare godkjendt å plante til med «skog». Sidan reglane ikkje er eintydige, er grunneigaren også avhengig av skogbrukssjefens syn på slik omdisponering. Men saka har også fordelar. Sidan pyntegrønt er definert som skogbruk, kan deler av inntekta setjast av i skogfondet til seinare bruk.

Konglelarve
 

Gunnleif Kaddan er eit unikum når det gjeld pyntegrønt, særleg snittgrønt. I tillegg er han god til å vidareformidle kunnskapane sine. Denne gongen hadde han mellom anna med seg kongler som var infiserte av ein larve som utviklar seg inne i konglene på mellom anna nobelgran. Dette året hadde han funne nokså mange av desse larvene. Den vanlege produsenten blir ikkje så mykje berørt av skadene konglelarven gjer, men han er sjølvsagt til ulempe for dei som avlar frø.


Reiskap

Det blei også tid til å sjå litt på ulike reiskap som kunne brukast i dei ulike fasene i produksjonen og haustinga. Sjølvsagt blei det litt diskusjonar om lønsemd osv. Vil det svare seg å bruke 10 000 kr. eller meire i eit jordbor for å lage plantehol. Ei plantehakke kostar bare noen hundrelappar. Som så ofte i slike samanhengar, finst det ikkje noe eintydig svar. Kvar enkelt produsent må vurdere sin eigen situasjon og finne ut kva som passer inn i drifta.

Bukett
 

 

 

Alle produsentane er avhengige av å få omsett produkta til ein lønsam pris. Også i denne marknaden er det kundene som bestemmer kva dei vil ha. Produsentane må bare følgje opp. Den største utfordringa er kanskje å vite kva som blir mote om 5 - 10 år. Såpass tid trengst det for å få fram mange av produkta. Den som i laget følgjer best med i marknaden er Odd Tore Nøding. Han viste ulike trendar og demonstrerte også korleis bukettane skal/må/bør setjast saman for å oppfylle dei någjeldande krava til leveransane.

 

Kaffikjelen
Kaffikjelen er alltid med.

For alle som driv med pyntegrønt i ei eller anna form, er det nesten nødvendig å også vere medlem i eit pyntegrøntlag. Etter kvart er det nok råd å hente ein god del kunnskap t.d. på Internett, men alle dei små detaljane er det stort sett bare andre produsentar som kan gi svar på. Dei lærerike samtalane får ein helst ute i plantefeltet. Mange har drive med pyntegrønt i 30-40 år eller meir, og sit inne med store kunnskaper innan faget. Dessutan kjem det i slike situasjonar gjerne fram noen gode historier i tillegg.

Sidan desse sidene er opne for alle, har eg i denne reportasjen sløyfa ein del faglege opplysningar som bare er tilgjengelege for medlemmene i Mandal og Lister pyntegrøntlag. Eg håper du har forståing for det.


Kolbjørn

 

Sider opne for alle:
| Framsida | Småplukk | Stellreglar | Om laget | Om sidene | Produksjon | Blåkristtorn |
Juletreforsøk | Klimatilpassing | Fagdagen 2009 | Fagdagen 2010 | Fagdagen 2011 | Fagdagen 2014 | Fagdagen 2015 |
Fagdagen 2016 | Salgsboden | Adresser | Avisklipp | Tilbakemelding |

Nettansvarleg:  Kolbjørn StuestølLeiar ML pyntegøntlag:  Ragnar Skeie
Sist endra 8. mars 2016
Nettside:  www.stuestoel.no