logo
Mandal og Lister pyntegrøntlag
Sørlandsk pyntegrønt, det naturlege dekorasjonsmaterialet
logo

 

 

 

 

Velkomen til pyntegrøntsidene

bukett
Pyntegrønt er mykje meir enn julepynt

Pyntegrønt er i denne samanhengen alt av naturmateriale som blir brukt som pynt på ein eller annan måte. Noen kvister gul sypress til påskepynt eller ei flott edelgran til juletre. Noen eføyranker til bordpynt eller ein bukett med granbar som pynt på grava. Noen buksbomkvister som grunnelement i ein blomsterdekorasjon eller ein kvist vrihassel for å få høgde på dekorasjonen. Alt dette er pyntegrønt.

Sidene her handlar mest om dyrking og omsetjing av pyntegrønt i alle former. Ein del om juletre, men truleg mest om det vi kaller snittgrønt, altså diverse former for avskorne greiner o.l. Sjølvsagt kan det også dukke opp tips om bruken av pyntegrønt, stell av juletre etter at det er kome i hus og andre ting som har med pyntegrønt å gjere.

Vi i Mandal og Lister pyntegrøntlag deler gjerne kunnskapane våre med andre, så du er velkomen til å klikke deg rundt på lenkene du finn på dei ulike sidene. Skulle du ha spørsmål, eller av andre grunnar ønskjer kontakt med laget, er du hjarteleg velkomen.

Førebels har ikkje interessene vore store nok til at vi har utvikla chattesider eller liknande media, men skulle behovet melde seg, gjer vi gjerne det også. Alle meldinga til laget eller sidene må difor gjerast via e-post eller vanleg post.

Dei første nettsidene våre om pyntegrønt blei opna 1. mars 1999 (av Lister pyntegrøntlag). Laget fekk det nåverande domenet i oktober 2011. Vi har prøvd å oppjustere sidene under overføringa til nytt domene, men veit av erfaring at noen småfeil likevel dukkar opp. Vi er svært takksame om du gjer oss merksame på eventuelle feil du måtte finne. Bruk i tilfelle e-postadressa nedanfor eller gå via menyinnslaget «Kontakt» -> «Tilbakemelding» eller andre måtar som måtte passe.

Sider opne for alle:
| Framsida | Småplukk | Stellreglar | Om laget | Om sidene | Produksjon | Blåkristtorn |
Juletreforsøk | Klimatilpassing | Fagdagen 2009 | Fagdagen 2010 | Fagdagen 2011 | Salgsboden | Adresser |
Avisklipp | Tilbakemelding |

Nettansvarleg:  Kolbjørn StuestølLeiar ML pyntegøntlag:  Leif J. Kristiansen
Sist endra 18. oktober 2011
Nettside:  www.stuestoel.no